29 august 2008

Flyskrekk

Eg er redd for å fly, det er ikkje noko hemlighet. Eg har ikkje alltid vore det. Etter at eg runda dei tjue år har det vorte verre og verre for kvar gong eg måtte opp i skyene for å kome meg te min destinasjon.

Ein turbulent tur frå New York til Seattle med avbrutt landingsforsøk(!) gjorde kaka. Så redd har eg aldri vore i heile mitt longe liv.

Kvifor er eg redd for å fly? Jo, av den enkle grunn at eg trur flyet eg sit i skal styrte rett i bakken. Det høyres nok ut som eg er paranoid når eg seier eg alltid har visst at eg skal døy i ein flystyrt, men sånn tenkjer eg altså. Og det er ikkje berre meg sjølv eg er redd for. Når nære og kjære skal ut å fly så gruar eg meg for deira skuld. Sånn kan det ikkje fortsette, for det er slitanes for helsa med mykje uro og longe vakenetter.

Paradoksalt nok er eg facinert av fly. Eg ser gjerne på TV om fly. Spesielt har Flyhavarikommisjonen facinert meg mykje. Men det har nok ikkje hjelpt mykje på skrekka, tvert om. Det endar som regel med katastrofe i dei programma. Derfor har eg snudd på meg i sofaen, zappa litt med fjernkontrollen og heller begynt å følje med på Airline-programma. Dei normaliserer det å fly med å leggje fokus på flyselskapets små og store trivialitetar som kundebehandling, dei kabinansattes longe skift og flyplassens tenestehunds plutselege diare. Eg trur dette kan vere redninga for meg. Kanskje kan eg reise på chartertur neste sumar i staden for den planglagte interrailen til Italia (mykje tid og penger spart!)? Kanskje ikkje. Eg får sjå dagens Airline-episode som begynn på TvNorge om femten minuttar og sjå om eg er noko nærare chartertur når den er til vegs ende.

Ingen kommentarer: