28 august 2008

Eit lite comeback.

Eg gjer som eg har gjort månge gonger før, eg kjem sterkare tilbake etter long tids fråver. Eg har ikkje hatt tid eller øveskudd til å opprettholde bloggen med ferske postar jevnleg. Men no er eg altså tilbake - betre enn noko sinne. Men eg må åtvare mot kommande innlegg då dei i stor grad kan kome til å innehelde mykje plantesnakk. Eg har nemleg starta mitt eige litle gartneri i kjøkenvinduaget. Eg veit at det ikkje er den beste tida på året å så frø, men imorgon den dag skal eg anskaffa meg ei sparepære - et hjelpemiddel mot mørke haustdagar. Ei internettside lovte meg på svart og kvitt at med ei sparepære i nærleiken av gropottene vil plantene fryde seg. Spanande!

Til no har eg sådd basilikumsfrø, oregano, merian, raude paprikafrø, raud chili, grønn chili og pasjonsfruktfrø.
Basilikum, oregano og merian spirte etter kun tre dagar i jorda. Eg har pirka nedi molda til chiliplantene og jammen har ikkje frøene spirt litt dei og etter ei knapp veke.

Her er bilete av basilikum og oregano.



Ingen kommentarer: