24 februar 2007

Nææh


Så blei eg ikkje lotto-millionær idag heller. Det va da merkeligt da!

22 februar 2007

Kjedeligt..!


Eg som sko skriva to gode sider på anti-hermeneutikkoppgavå mi idag så blei eg sjuke. Arg!
Eg trur aldri eg har surfa så mye på ein dag som eg har idag. Men så har eg jo fonne ut diverse og da.

Har lest litt om Odd Børretzen på Wikipedia.
Eg har lest om diverse barne-tv program som gjekk på tv i mi tid. Eks. ka som skjer i den første episoden av To hus tett i tett.
Eg har lest om snøstorm.
Eg har sjekka mailen. Sju gonger.
Eg har skreve flere innlegg på Touched by a bean -bloggen vår.
Eg har tatt ein "engelsk-test". Va visst på nivå 5 av 7 og e ikkje heilt fornøyd med det.
Eg har kontakta gode, gamle kjenningar på Blink.
Eg har til og med rippa opp i gamle forelskelsar (Sørlandet fra Stompa-serien...*sukk*)

Nå e klokkå 17:40, og eg får forsøka å gå tebake te arbeidet.

21 februar 2007

En bønn fra folket.


I dag mårres klokkå ni fekk eg følgande SMS fra ei gammal skulevennina:

Den kristne formålsparagrafen i skoler og barnehage foreslås fjernet. Protester! Støtt underskriftskampanjen og send sms: opprop josafat ditt navn til 1937. Det koster 1.50. Send denne meldingen videre. Det skal avgjøres idag. Viktig!


Eg gav min stemme og sendte an videre te noen eg syns burde ta oppfordringen.
Fem minuttar seinare fant eg ut at eg sko gjør noe eg ofta gjorde når eg va mindre. Nemlig å slå opp på ei tilfeldig sida i Bibelen, finna et tilfeldig bibelvers og lesa det som om det va skreve te meg og gjeldanes for meg idag. Eg gjorde det og dei fusste linjene eg leste lød som så:

Bønn om hjelp mot Israels fiender

Gud, hold deg ikke i ro,
vær ikke taus og stille, Gud!
For se, dine fiender er i opprør,
de som hater deg, løfter hodet.
De legger lumske planer mot ditt folk,
de rådslår sammen
mot dem du verner.
"Kom, la oss utslette dem
som folk,
så ingen lengre minnes Israels navn".

De holder råd og blir enige,
så slutter de et forbund mot
mot deg.

Salme 83, vers 1-7

Hvis ein her lese Israel synonymt med Jesus, så trur eg jammen meg at denna bønnen kan vær mer aktuell her i Norge enn noensinne. Eg vett jo at politikarne ikkje e ute itte å utsletta ett folk, sånn bokstavligt sett, men ein trenge ikkje lesa detta på et anagogisk nivå for å se sannheten i dessa ordå. Det eina føre gjerna te det andra. Kor vil detta enda?
Gi din stemme her.

16 februar 2007

Forfatterens død


Nei eg ska ikkje skriva om Roland Barthes berømte artikkel fra 1968, men litt om den amerikanske forfattaren Sidney Sheldon som døde tirsdag 30. januar 89 år gammal.

Foruten om forfattaren av Elisabeth-bøkene så må Sheldon vær den forfattaren som eg har lest mest bøker av. Ja, eg har ikkje vondt for i tilstå at detta kanskje ikkje e "høykultur" for dei som like å bruka det begrepet, men kjekke, underholdanes og spennanes bøker - det e dei i det minsta. Ikkje bare har dei underholdt meg mang ein kveld (spesielt når eg gjekk på ungdomsskolen og vidergående), men dei har og lært meg ja - eg driste meg te å sei - litt om mye kvart. Sheldon lærte meg om multipel personlighetsforstyrrelse, hypnose, baskerne, legeyrket og Atens geografi. Og sikkert mye mer... Dessuten har han skreve manuset te Annie get your gun - filmen min som står i hyllå her.

Anbefales hvis du går lei av mursteinane som tar månedsvis å komma i gjennom. Eg love deg at hvis du begynne på ei Sheldon bok så ska det litt te for at du klare å legga an fra deg.

Hvis du finne på at du ska lesa ei bok eller to så anbefale eg:
- The other side of midnight fra 1973
- Memories of midnight fra 1990 (som e ein fortsettelse av The other side of midnight)
- Tell me your dreams fra 1998.

(Dessa finnes jo selvfølgelig på norsk, men eg har glømt ut ka dei hette...)

Og heilt te slutt:
R.I.P. Sidney Sheldon

15 februar 2007

Happy dagen derpå- valentines!


Meg og min kjære feirte dagen med å gå på Naboen å spisa. Eg hadde ein fantastiske plankstek (indrefilet med duchessepoteter og hjemmelaga bernaise). Min kjære hadde hjortemedaljongar. Nam nam! Det va bare heilt utroligt godt og kan anbefalas. Me ska i alle fall tebake for å smaka på antilopen! Konklusjon: Topp mat, blei stappmette uten å betala dyre dommar for det.

Ittepå gjekk me på kino og fekk med oss Mars&Venus, ein norsk, romantisk komedie. Konklusjonen av kinobesøket kan bli: Flott med halv pris(!), nam nam med godteri og Torbjørn Harr e ein fine mann.

12 februar 2007

Går det an?


Som eg skreiv i forrige post så blei det ingenting av den første kollokvien min i år som eg sko ha på fredag. I dag sko eg ha første skikkelige forelesning. Eg troppa opp på skoletrappå i ganske god tro, men du kan vær sikker på at eg ikkje blei kjempesjokka når det hang ein lapp på dørå som fortalte at forelesningen va avlyst pga sykdom....

09 februar 2007

Norge i Grand Prix 2007


(Itte et godt tips fra den GP-glaa sjelå Ingrid så komme det nå endelig ein post om Grand Prix. Nå va det lenge siden, ikkje sant?)

Egentlig sko detta vær et kjedelig innlegg om meg som idag møtte opp på skuletrappå idag klokkå ti - klar for min første kollokvie detta semesteret (forelesningar begynne neste uka), og ka skjer? Eg finne seminarrom 218 mørklagt og øde. Eg vente i ti minutt. Der komme det to medstudentar. Me snakke om løst og fast i kvarters tid. Klokkå blir halv elleve - kor e kollokvieledar henne?
Nei, skulen begynte visst ikkje idag likavel (ifølge planen min sko an jo det, men når ein allerede har venta så lenge så kan ein vel venta ei uka te....)

Men denna posten ska ikkje handla om skoledagen min, men Grand Prix. Norge befinne seg i skrivende stund midt i en krise. Ein Grand Prix-krise nærmare sagt. Samma ka som skjer imårå kveld så komme Norge te å drita seg ut i Eurovisjonen. Nok ein gong. Detta må vær det versta GP-året i Norges GP-historie siden 2002 (når me ikkje fekk delta). Eg har sett alle delfinalane og kan med håndå på hjerta sei at eg i år ikkje komme te å heia på Norge (Heia Estland og Romania!). Det e rett og slett for dårligt. For det fussta så har Norge ein alt for dårlige holdning te GP. Rett og slett ein antiholdning. For det andra så eige ikkje folket ESTETISK SANS!! Kossen går det an å stemma følgane bidrag te finalen:

Jenny Jenssen
Infinity
Torill Sivertsen
Dusty f****** Cowshit

?? o, horror!

Når det gjelde G. Schanke og Crash! så e eg ikkje overbegeistra der heller. Detta e for tamt asså! Koffer konne ingen stemma på den fine balladen som Eggum hadde skreve? Den hadde jaffal noen musikalske kvalitetar ved seg. Og ka e egentlig Chicken Rodeo for ein sang? e det ein sang? Eg klare liksom ikkje å skilla ut melodien heilt. Det skjedde rett å slett for møkje på scenen.

Når det gjelde Crash! så syns eg det va grei sang - men sceneshow folkens! SCENESHOW! Eg håpe for all del at vokalisten i detta bandet følge sine medkollegars eksempel å smøre TJOKT på med sminka i fjeset imårå. Han såg jo ut som ein bleike datanerd som hadde gått seg vill. Dei andre i gruppå såg kanskje litt vel "nyklipte" ut, men de hadde nå i alle fall sparkla seg litt. Åsså må de anstrenga seg litt mer for at det i alle fall ska SE UT SOM DEI SPILLE - sjøl om alle vett at dei bare mime på dei stakkarslige instrumentene sine.

Foreløbig e det - tro det eller ei - Infinity eg håpe vinne. Einaste sangen eg faktisk kan synga på. Men de må gjør noe med kostymene sine. Det de hadde på seg i Alta va rett og slett stygt. Hvis Jenny vinne heila greiå så går eg å grave meg ner, åsså komme eg tebake om et års tid når folk har bjunt å glømma. Kan jaffal ikkje reisa te syden i sommar hvis hu vinne. Det hadde vært for flaut. Hu e nok ei "flotte" danseband-dronning, men der kan hu og holda seg - for min og alle andre europeerar sin del...

Eg har heller ikkje noe tro på dei to som går videre fra sistesjangsen idag der samtlige av finalistane e halvslappe svenskemelodifestival-kopiar. Der må eg faktisk heia på Trine Rein. Den sangen drite oss i alle fall ikkje ut i Helsinki.

Konklusjonen e at hvis noe aent enn Infinity eller Trine Rein blir sent te Helsinki, så ser du ikkje meg på ei stund. Takk for alt og lykke te imårå.

(Hvis noen føle seg støtt av innholdet i denna posten, så må de bare det. Melodi Grand Prix e jo liksom den eine tingen me faktisk ska få lov å ha meiningar om....:)